Anleggsarbeidet 1894-1909

”Norges fremtids gjennombrudd” heiter utstellinga som med ord og bilete, gjenstandar og song fortel om arbeidet med bygging av Bergensbanen frå 1894 til 1909 og om turismen som grodde fram langs bana.

Dyktige og dristige ingeniørar sette i gong bygginga av lange tunnelar  gjennom aude høgfjellstrekningar vinterstid, noko som var nytt i Noreg. Anleggsarbeidarar strøymde til for å få arbeid, og for fyrste gong blei elektriske maskinar tekne i bruk for å bore hol i fjellet.

Arbeidet hadde mange arge motstandarar som argumenterte med så vel høge anleggskostnadar som snøskavlar, medan tilhengjarane argumenterte med  samling av landsdelane.

Storslått natur,  skiturisme og friluftsliv ga bana ein nasjonal symbolikk og ein internasjonal status som ein av verdas vakraste.