Forvaltning
Rallarvegen som ligg i høgfjellsterreng langs Bergensbanen er den mest populære sykkelvegen i landet. Jernbaneverket er eigar av Rallarvegen og set vilkår for bruken av denne. Rallarvegen er eit kulturminne i seg sjølv, og går gjennom eit sårbart høgfjellsterreng med mange brukarinteresser knytt til vegen, og som kan gje grunnlag for konflikt. Det er difor trong for ei heilskapeleg og føreseieleg forvaltning av vegen.
Føremålet med ein handlingsplan (strategi) for bruk og drift av Rallarvegen er å leggje til rette for berekraftig bruk av vegen. ”Bruk” må tilpassast ”vern”, det vil seie at bruken av Rallarvegen må vere innanfor dei rammene som vegen som kulturminne set. Samtidig må det bli tatt omsyn til naturgrunnlag og biomangfald, andre brukargrupper og næringsinteresser. Jernbaneverket er eigar av vegen og set vilkår for bruken. Vegen er eit unikt friluftslivstilbod og av stor betyding for næringsdrivande i området.
Last ned handlingsplanen her:
Handlingsplan (strategi) for bruk og drift av Rallarvegen. Forslag til samordning og tiltak (pdf, 692 kb)