Sesongen 2012

Dei siste åra har vi hatt uvanleg lite snø på Finse, medan det i år har vore nærare eit normalt år med omsyn til snømengde. Det er med andre ord framles ein del snø på Rallarvegen!

Det skal vera mogeleg å kunna sykla frå Haugastøl til Finse i begynnelsen av juli, avhengig av om det vert brøytt. Dersom ikkje vil det vera nokre fonner att her til eit stykke ut i juli.

Første delen av sesongen (fram til ca. 20. juli) kan ein ta toget frå Finse til Hallingskeid og sykla vidare derifrå til Myrdal / Flåm. Sykkeltoget vil i år stansa på Hallingskeid slik at dette vert mogeleg.

Fagernut er normalt sett open i perioden 15. juli til 1. august, men dette er avhengig av kor fort snøen smeltar.

Vi vil prøva å få til ein «dugnad» for å spa «sykkelltrillesti» i nokre større snøfonner etter kvart  som sesongen startar slik at det raskast mogeleg skal verta open sykkelveg.

Velkomne på Rallarvegen i sommar!

 

Comments: Comments Off on Sesongen 2012