Museet syner førearbeid, prosjektering, stikking og bygging av Bergensbanen i åra 1871 til opninga i 1909. Levande smie og museumskafe: Rotaren kafe med souvenir sal. Held til i austre lokomotivstall på Finse saman med Dokumentasjonssenter Bergensbanen. Eige temautstilling: ”Kampen mot snøen” ved og i austre lokomotivstall med syning av historisk snøryddingsutstyr og utstilling om korleis høgfjellstrekninga til Bergensbanen vart halden open gjennom heile vinteren. Rallarbrakke med kokka Oline anno 1900!
Vaksne NOK 40,-, born NOK 20,-, familie kr. 100,og grupper, minst 10 personer, etter førehandsavtale NOK 30,-.
Fagernut vaktarbustad/Rallarkafe
Vaktarbustaden ligg 10 km vest for Finse st. 1310 moh ved Rallarvegen og er den høgstliggjande banevaktar- og arbeidarbustad i landet. Utstilling om banevaktar- og familieliv på Bergensbanen si høgfjellstrekning med info og Rallarkafe.
Sesong: medio juli - skolestart. Ope kvar dag 10.00 – 16.30. Deretter ope kvar fredag, laurdag og sundag ut sykkelsesongen på rallarvegen.
Kontoret
| Besøksadresse: |
Østre lokomotivstall på Finse. |
| Ansatte: |
Styrer: Kjell Magne Tangen. Mobil: 90 50 09 40
|
| Telefon: |
90 50 09 40 |
| Postadresse: |
Stiftinga Rallarmuseet Finse / Dokumentasjonssenter Bergensbanen
Postboks 4
5719 FINSE |
| E-post: |
finse-rm@online.no |
|
|